Lektion 17 - Liebe und Freundschaft

Lektion 17 - Liebe und Freundschaft

Denne leksjonen handlar om kroppen, utsjånad og forelsking. Kapitlet inneheld også mange dikt og nokre songar.
Grammatisk fokus i denne leksjonen er adjektivbøying etter ein.

Førlesning
Sjå på biletet side 216–217 og snakk om kva de ser. Diskuter utsjånad. Snakk om det å vere forelska. Korleis kjennest det? Er mange forelska? Still enkle spørsmål, f.eks:
Wie sieht der Junge aus?
Beschreibe das Mädchen.
Welche Haarfarbe hat das Mädchen?
Wie alt sind sie, glaubst du?
Was denkst du über ihr Verhältnis?

Tekstene

A
Dialog om forelsking. Lytt til teksten i den digitale boka første gong utan at elevane ser i boka. Kor mykje forstår dei av samtalen? Spel deretter teksten ein gong til, og bruk boka. I Sag mal mas! får elevane dikte vidare på historia. La dei framføre sine versjonar for heile klassen.

B
Her kjem mange fine kjærleiksdikt. Vel ulike måtar å gjennomgå dikta på. Nokre kan lesast saman eller i grupper. Nokre kan elevane sjølve få ansvaret for å presentere på sin måte. Skriv eigne kjærleiksdikt (sjå for eksempel oppgåve 10 i arbeidsboka). Bruk for eksempel det gode gamle «Das Elfchen» (kopioriginal nr. 12) som mønster.

C
Teksten handlar om ulike menneske som fortel om korleis dei ser ut. Her blir det øvd inn ord og uttrykk for utsjånad og skildring. Les og la elevane skrive liknande småtekstar om seg sjølve. Temaglosene «Körper und Aussehen» kan vere nyttige her.

D
Denne teksten er ganske lang, men har eit relativt greitt språk. Les saman eller i grupper og diskuter bodskapen i teksten. Ei ekstraoppgåve til teksten kan vere å la elevane finne ut meir om Martin Auer på Internett.

Kopioriginal: Bruk spelet på kopioriginalen (nr. 24) til innlæring av namn på kroppsdelar. Klarer ein å omsetje det norske uttrykket til tysk, får ein flytte fram. Klarer ein det ikkje, går turen til nestemann.

Oppgavene
I arbeidsboka er det fleire kreative opp-gåver i samband med utsjånad. I oppgåve 6 blir adjektivbøying etter ubestemt artikkel introdusert. Det er rikeleg med adjektivoppgåver.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern