Lektion 6 - Einkaufen

Lektion 6 - Einkaufen

I denne leksjonen reiser vi til München for å handle. Elevane lærer å uttrykkje seg i ulike situasjonar i butikken og å diskutere klede ut frå pris, storleik og farge. Her kjem også uttrykk frå post og bokhandel. Denne lek-sjonen eignar seg spesielt godt til rollespel. La elevane bruke språket i ulike handle-situasjonar, både som kunde og som seljar.
Landeskundeteksten handlar om vakre Heidelberg i Baden-Württemberg. Vi les også om borger og slott i Tyskland. I grammatikken er vi komne til analyse, nominativ og akkusativ av bestemt artikkel og adjektivbøying etter zu sein.

Førlesning
På dei pretekstuelle sidene kan ein blant anna sjå posar med tyske merkenamn. Snakk om kva ein kan kjøpe i kva for butikkar. Kva for varer er typisk tyske, austerrikske eller sveitsiske? Det kan vere bilar, klokker, sjokolade osv. Kjenner nokon elevar namn på tyske butikkjeder som Karstadt, Hertie, Plaza, KDW (Kaufhaus des Westens i Berlin) eller WOM (World of music)?
På biletet ser ein også ein eurosetel. Kor mykje er ein euro og ein cent i norske kroner? Kva heitte valutaen i Tyskland før dei fekk euro? Læreplanen seier at ferdigheita rekning også skal komme inn i tyskfaget. I denne leksjonen kan elevane finne ut og rekne om ulike prisar i euro og kroner.

Tekstene

A
Teksten handlar om ei mor og ei dotter som er på handletur. Dialogen er fin å høre i den digitale boka, og elevane kan spele han for kvarandre i par. Dei kan gjerne lage rollespel og praktisere det ordforrådet dei lærer i tilknyting til handling, klede og butikkar. Oppgåver i arbeidsboka som øver inn ordforrådet, er for eksempel 1–3.
Kopioriginal: Blant kopioriginalane finn du to sider om «Kleidung»(nr. 53–54). Elevane kan få denne utdelt, slik at dei kan jobbe med ordforrådet sitt, eventuelt i forkant av rollespel frå klesbutikken.

B
Her møter vi forskjellige handlesituasjonar. Det er viktig at elevane lærer ord og uttrykk i samband med handel. Under Wichtig! finn dei sentrale ord og idiom. Dette er praktisk tysk som dei verkeleg kjem til å få bruk for. Ha glosestafettar, bingo, memory osv. for å trene på og hugse gloser. Sjå forslag til leikar i kapitlet «Pedagogiske leker».
I oppgåve 16 i arbeidsboka skal elevane lage ein dialog frå ein bokhandel. Denne oppgåva er vanskeleg for dei svakaste elevane, men det er mogleg å lage kortare variantar av dialogen.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern