Lektion 21 - Die Schule

Lektion 21 - Die Schule

I denne leksjonen lærer elevane om skolen og skolesystemet i Tyskland. Dei opparbeider seg eit ordforråd som omfattar karakterar og det som er vanleg i skolesamanheng. Dei kan etter denne leksjonen samanlikne det tyske og det norske skolesystemet. Grammatisk progresjon i denne leksjonen involverer repetisjon av modale hjelpeverb, og i lærarhandboka er det tilleggsoppgåver som fokuserer på futurum.

Førlesning
Sjå på biletet på side 262–263. Kva tenkjer elevane når dei ser jenta som er omgitt av karakterar? Snakk gjerne om kva elevane synest om karakterar. Kor viktig er karakterar for motivasjonen i eit fag?

Forslag til spørsmål:
Wie sieht das Mädchen auf dem Bild aus?
Wie fühlt sie sich?
Mag sie die Schule? Warum – Warum nicht?
Was bedeuten die Noten?
Findest du, dass Noten wichtig sind?
Bist du mit deinen Noten zufrieden?
Wie ist eine Schule ohne Noten?

Tekstene

A
I A-teksten møter vi ein skoleelev som presenterer skoledagen og timeplanen sin. Her lærer elevane kva dei ulike faga heiter på tysk. Etter å ha jobba med denne teksten og sett på timeplanen på side 265, kan elevane fortelje om skoledagen sin og faga sine. Sjå Sag mal was!
Kopioriginal nr. 58 har tomme timeplanar som elevane kan fylle ut og samtale rundt. Omset og diskuter diktet på side 265. Kva vil Manfred Weiβ seie oss med dette diktet?

B
Teksten handlar om korleis det tyske skolesystemet er oppbygd. La elevane samanlikne dette systemet med vårt eige. Finst det fordelar og ulemper ved begge systema? Sjå på side 267 og la elevane lage ei liknande oversikt for det norske systemet.
Det er viktig å få fram at tyske skolebarn må velje skoleslag på eit tidleg tidspunkt, og at det ikkje er mogleg å hoppe mellom dei ulike modellane. For eksempel kan dei som går på Hauptschule, ikkje studere ved eit universitet. Unntaket er «Gesamtschule», som liknar meir på vår vidaregåande. Denne skoletypen finst ikkje i alle delstatane. Ein kan velje ulike modellar innanfor Gesamtschule.

C
I novella av Liselotte Rauner handlar det om framandfrykt. Før elevane les teksten, kan det vere lurt å lese punkta nedst på side 270. Kor stor prosentdel utgjer utlendingane i Noreg? Be nokre elevar sjekke på www.ssb.no.
Illustrasjonen på side 271 er svært god og bør brukast som diskusjonsgrunnlag før novella blir lesen. Omset innhaldet til norsk. Kan elevane lage liknande lister?

Sag mal was! kan for eksempel leggjast opp som eit intervju mellom ein nordmann og ein utlending, eller mellom to utlendingar.

Vitsen nedst på side 271 handlar om ein rektor som ikkje vil gå på skolen sin. La nokre av elevane lage eit intervju med rektoren på skolen og presentere det for klassen på tysk. Dei kan for eksempel spørje om elevtalet, skoleprosjekt, økonomi, oppussing eller andre ting dei lurer på.

Oppgavene
Oppgåvene fokuserer blant anna på vokabular rundt skolekvardagen, og elevane skal vise at dei kan namn på fag og gjenstandar på skolen. I tillegg blir bøyinga av modale hjelpeverb i presens repetert, før desse verba skal behandlast i preteritum.
Kopioriginal nr. 30 tek også for seg modale hjelpeverb.
I oppgåve 22 får elevane sjansen til å fordjupe seg skriftleg i eit tema knytt til novella dei akkurat har lese. La elevane lese opp tekstane sine i grupper på tre–fire, før nokre blir valde til å lese høgt.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern