Lektion 22 - Kultur geht durch den Magen

Lektion 22 - Kultur geht durch den Magen

Dette kapitlet handlar om mat som kulturformidlar. Sentrale spørsmål er: Kva et dei i Tyskland? Kva er typisk tysk mat? Kva tyder nokre av dei rare matnamna, som «Kalter Hund», «Wackelpeter»? I tillegg lærer elevane om tysk øl- og vintradisjon.

Førlesning
La elevane lage assosiogram med ordet «Essen» i midten. Kva tenkjer dei på når dei høyrer dette ordet? Skriv fleire av assosiogramma på tavla.
Was ist dein Lieblingsessen?
Wie oft isst du dein Lieblingsessen?
Was bedeutet gutes Essen für dich?
Was trinkst du gern?
Wie viele Mahlzeiten isst du am Tag?
Welche ist die wichtigste Mahlzeit?

Sjå òg på biletet på side 272 og spør kva elevane ser. Kvar kan biletet vere teke? Kva slags mat får ein på ein slik plass? Kva slags menneske et her? Kva ville elevane ha bestilt?
Gjer merksam på at det er vanleg å finne slike plassar i alle tyske byar. Det bur ca. 4 millionar tyrkarar i Tyskland, og Döner Kebab er svært populært både blant tyrkarar og tyskarar. Den tyrkiske döner kan på ingen måte samanliknast med den «norske» kebaben. Dei bruker reint kjøtt, og brødet er av ein heilt annan type.

Was sieht man auf dem Bild?
Wo ist das Lokal?
Welche Gerichte kann man hier essen?
Wer isst in so einem Lokal?
Was würden die Schüler essen?

Blant kopioriginalane finst det ein Imbissmeny (nr. 51) og ein tom restaurantmeny til utfylling (nr. 49).

Tekstene

A
A-teksten handlar om kva tyskarar eigentleg et, og om det finst typisk tysk mat. Denne teksten eignar seg for alle, og han er eit fint utgangspunkt for ein diskusjon om norske matvanar og -tradisjonar.

Sag mal was!-oppgåva er eit morosamt rollespel der elevane kan utfalde seg på kafé eller på restaurant. La dei få utdelt kopioriginalar med menyar (nr. 47–51). Det kan setje ein ekstra spiss på oppgåva dersom elevane kler seg ut og lagar kafé. Kva med å lage ein klassekonkurranse, der beste kostyme, beste manus, artigaste idé osv. blir kåra?

B
Teksten eignar seg godt til differensiering. Nokon kan lese teksten og omsetje han, mens andre kan finne ut meir om maten som blir omtalt. Andre kan prøve å finne oppskrifter på retter på Internett. Del gjerne elevane i smågrupper og la dei fortelje om dei ulike rettene. Nokre kan gjerne finne rare namn på matretter i Noreg og forklare kva dei er på tysk. Eksempel: «smalahove», «tilslørte bondepiker», «fårikål».
Bruk i denne samanhengen gjerne ei oppgåve i arbeidsboka, der finn vi fleire eksempel på typisk (og kanskje rar) norsk mat.

C
Tyskland er kjent for det gode ølet sitt, og nesten kvar einaste by i Tyskland har sitt eige ølslag. I denne teksten lærer elevane om tradisjonane bak den kjende drikken. Ølet frå dei ulike stadene har ofte bynamnet som sitt eige namn, for eksempel
Lüneburger Pilsner frå Lüneburg
Kölsch frå Köln
Berliner Kindl frå Berlin
Holsten, kom opphavleg frå Kiel
, hovudstaden i Schleswig-Holstein, men blir no laga i Hamburg
Flensburger Pilsner frå Flensburg

D
Teksten handlar om korleis vindruer blir hausta. Han kan vere språkleg vanskeleg og kan med fordel lesast av sterkare elevar. Dersom heile klassen vel å lese teksten, kan avsnitta fordelast mellom elevane, slik at dei får mindre å jobbe med. Når elevane har presentert sin del av teksten for klassen, kan gruppeoppgåva gjerast.

Oppgavene
Oppgåvene er i stor grad sentrerte rundt temaet «Essen». Det er rollespel og intervju som godt eignar seg for alle elevar. Dersom ein ønskjer det for variasjonens skuld, kan ein gjerne fordele oppgåve 1, 2 og 3 på tyskgruppa. Nokon jobbar med internettoppgåva og presenterer resultatet sitt for dei andre. Andre kan gjere ei spørjeundersøking som blir lagd fram. Kanskje ein kan få hjelp av mattelæraren til å lage diagram som viser mattrenden i klassen. Ei tredje gruppe lagar rollespel. I samband med temaet mat og drikke er det kanskje aktuelt å lese den vesle teksten i tilleggsoppgåve B om «Stammtisch». Dette er eit svært utbreidd fenomen i Tyskland. Ein vennegjeng eller arbeidskollegaer har faste stader og tider der dei møtest til sosialt samvær og eit glas.

Oppgåve 6–10 i arbeidsboka handlar om adjektivbøying. Repeter skjemaa for sterk og svak bøying i minigrammatikken, og ta enkle, illustrative eksempel på tavla før elevane jobbar med oppgåvene. For eksempel:

Ein starker Mann
Eine starke Frau
Ein starkes Kind

Der nette Mann
Die nette Frau
Das nette Kind
Die netten Hunde

Frischer Wind
Deutsches Bier
Schöne Frau
Interessante Bücher

Det er viktig at elevane har fått god trening i adjektivbøying før dei prøver seg på oppgåve 20. For dei aller svakaste kan det vere formålstenleg å gjere spelet med skjema.

Når det gjeld gradbøying av adjektiv på tysk, er det sentralt at elevane lærer den største forskjellen mellom norsk og tysk (og engelsk). På tysk bruker vi ikkje meir og mest, sjølv om det kan bli svært mange stavingar og lange ord. Det heiter altså «der spannendste Film» og ikkje «der meist spannende Film».

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern