Lektion 23 - Tiere

Lektion 23 - Tiere

Denne leksjonen handlar om dyr og kjæledyr. Elevane lærer mange ordspråk og songar som handlar om dyr. I grammatikken blir preposisjonar og adjektiv repetert.

Førlesning
Kven av elevane har dyr? Kven likar dyr? Kva dyr er populære i klassen? Er nokon allergiske mot dyr? Kva for dyr? Finn klassen sine tre favorittdyr. Korleis ser ulike dyr ut?
Eksempelsetningar:
Wer hat ein Tier?
Hast du ein Tier?
Was für ein Tier hast du?
Ist jemand in der Klasse gegen Tiere allergisch?
Wie sieht das Tier aus?

Tekstene

A
I den første teksten fortel 6 ungdommar om sine dyr. Lytt og les saman eller i grupper. Del gjerne klassen inn i 6 og la elevane trene på å attfortelje dei små tekstane. Deretter kan dei byte tekst, slik at alle får jobba med alle.
La elevane deretter fortelje om sine kjæledyr slik personane i tekstane gjer.
Diktet eignar seg godt til «Rap» eller annan snakkesong.

B
Dette er ein god gjetteleik rundt dyr i ordspråk. Arranger ein lagkonkurranse. Kva lag får flest riktige?
FASIT til B-teksten: 1-b, 2-a, 3-c, 4-a, 5-c, 6-b, 7-b, 8-a, 9-b, 10-b, 11-b, 12-c, 13-a

C
I «Ein Hundeleben» hører vi om livet til ein hund frå hunden sitt perspektiv.
Vil de jobbe meir med dyr, kan elevane få lage sine eigne skildringar og la dei andre gjette (som oppgåve 5 i arbeidsboka).
Eksempel:
Ich bin groβ, habe vier Beine, man kann auf mir sitzen und ich laufe sehr schnell.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern