Lektion 18 - Der Geburststag

Lektion 18 - Der Geburststag

I denne leksjonen er bursdag hovudtemaet. Elevane lærer også songar og ein morosam leik.

Førlesning
Innleiingsvis kan ein lære kva «gratulerer med dagen» heiter på tysk. Kva er popu-lære gåver å gi og få? Kor mykje bør ei gåve til ein god venn koste? Her kan ein gjerne repetere tal, og ei oppgåve kan vere å seie prisar både i kroner og euro og å finne ulike gloser for gåver.

Finn ut når elevane har bursdag. Det passar svært godt å repetere ordenstal i denne samanhengen. Veit elevane også kva dag dei har bursdag i år? Både dagar, månader og årstider kan repeterast på denne måten.
Wann hast du Geburtstag?
Kva for årstid er det når dei har bursdag?
Zu welcher Jahreszeit hast du Geburtstag?
Lag ei oversikt over når på året klassen fyller år.

Tekstene

A
Teksten er ein dialog om to som skal i bursdag og ikkje veit kva dei skal kjøpe. Den innspelte dialogen kan også brukast til lytteforståing og eignar seg elles godt til rollespel. La elevane lage eigne dialogar om bursdagsfeiring. Ei større elevgruppe kan gjerne lage eit skodespel om ei bursdagsfeiring.

B
Les teksten og la elevane lage sine eigne Glückwunsch-ABC-ar. Kva er viktig å få med? Les opp eller pynt klasserommet med tekstane. Del gjerne opp alfabetet, slik at kvar elev berre har få bokstavar å jobbe med.

C
Avslutningsvis kjem ein morosam leik. Bruk teksten som mal og leik i veg!

Oppgåvene til denne leksjonen er repetisjon. Det er tid for oppsummering. Er det nokon grammatikktema som treng meir øving, så er det kanskje tid til det no? Elevar som har tid og lyst, kan arbeide med nettoppgåvene.

Kopioriginal: Stigespelet (nr. 15) kan brukast til å repetere ord, uttrykk og grammatikk.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern