Lektion 19 - Jung sein

Lektion 19 - Jung sein

Dette kapitlet handlar om det å vere ung og om noko av det ungdommar kan vere opptekne av. Det handlar om lover og reglar, og om kva ein får lov til i Tyskland. Det er fleire fine dikt og ordtak i denne leksjonen som godt eignar seg til framføring. La elevane velje noko dei vil lære utanåt eller framføre/illustrere på sin eigen måte. Leksjonen passar godt til å øve på snakkeferdigheiter og å fokusere på adjektiv. Grammatikken i leksjon 8 dreier seg om laust samansette verb i preteritum og presens perfektum, og modale hjelpeverb blir innført.

Førlesning
Diskuter (eventuelt på norsk først) kva elevane får lov til og kva dei ikkje får lov til/kan/vil. Dei modale hjelpeverba blir introdusert på dei pretekstuelle sidene og kan brukast som utgangspunkt for diskusjonen:
Was darfst du, Kari?
Was musst du (zu Hause machen), Alex?

Osv.

Sjå på biletet på side 236–237. Kva for nokre fargar ser elevane? Kan dei kjenne att noko på biletet? Hva for nokre kroppsdelar ser dei?
Lag gjerne ein liten glosekonkurranse til dette biletet. Kva for ei gruppe kan identifisere flest ord på tysk?

Forslag til spørsmål:
Welche Farben sieht man auf dem Bild?
Wie viele Personen sieht man?
Welche Körperteile kann man erkennen?
Gibt es andere Sachen, die man erkennen kann?
Hat das Bild etwas mit «Jungsein» zu tun?

Tekstene

A
I teksten kranglar Stefanie med mora om å få lov til å gå ut med venninnene. Ho vil gjerne gå ut og danse med vennene sine, men får ikkje lov av mora. Legg spesielt merke til bruken av modale hjelpeverb. Ich möchte, aber ich darf nicht!

B
Historia tar opp problema til ei tyrkisk jente i Tyskland. Denne teksten eignar seg godt som diskusjonstekst. Samanlikn med elevane sine eigne erfaringar og historier. Kjenner nokon seg igjen, og kan snakke om det?
Internettoppgåva tar opp temaet «Gastarbeiter» i Tyskland.
Vidare under B er det ein liten infotekst om kva ein får lov til i Tyskland. Samanlikn med Noreg.

C
Her møter elevene to dikt. De kan oversette diktene til norsk, og svare på Sag mal Was-oppgaven. La elevene skrive ned innholdet i diktene med egne ord.
Dersom noen elever har lyst, kan de lage en rap av diktene.

D
Novella av Berit Bretschneider handlar om vennskap og sjalusi.
Innleiande spørsmål:
Was ist Freundschaft? Wie muss ein guter Freund sein?

Teksten kan delast inn i seks hovudavsnitt. Fordel dei mellom elevane og la dei jobbe godt med sitt avsnitt. Dei er sjølve ansvarlege for å gjennomgå teksten for dei andre, forklare innhald og gloser osv. Les om att e-posten på side 245 og la elevane få i lekse å sende e-post til kvarandre og ta med til neste tysktime. Dersom nokon vil, kan dei lese opp e-postane sine.

E
Førlesing til E-teksten: Dei fleste elevar kjenner kanskje eit tysk fotballag? Skriv på tavla kva for nokre lag frå Bundesliga elevane kjenner.
Teksten eignar seg godt til differensiering. Nokre elevar som er spesielt interesserte i fotball, kan ta for seg denne teksten og presentere han for resten av klassen. Infoteksten kan gjerne delast opp mellom fleire elevar som kan presentere han for dei andre. Ei vidare oppgåve i denne samanhengen er å la elevane presentere favorittlaget sitt på tysk. Lag gjerne PowerPoint, veggavis eller liknande. Nokre elevar kan kanskje forklare reglane som gjeld på fotballbanen, for dei andre. På kopioriginal 55 er det to illustrasjonar av ei fotballbane. På den eine kan elevane skrive inn gloser som midtbane, hjørneflagg, strafferom og liknande, på den andre kan dei teikne inn fotballspelarar og skrive på gloser med målmann, angrepsspelar, osv.

Oppgavene
I oppgåve 1–3 skal elevane skrive eigne tekstar som skildrar dei sjølve og andre. Her får dei god bruk for adjektivkunnskapane sine. I forkant av desse skriveøvingane kan det vere lurt raskt å repetere det viktigaste ved adjektivbøying på tysk.
Oppgåve 1, 4, 6, 8 og 16 er snakkeoppgåver. I samband med ulike tema får elevane sjansen til å snakke mykje tysk. La dei gjerne framføre samtalane sine i mindre grupper eller for heile klassen. I oppgåve 4 skal elevane finne eit tidspunkt der dei kan møtast. La dei først setje opp ein detaljert vekeplan over skole- og fritidsaktivitetar, for deretter å avtale eit møte. Kopioriginalen «Stundenplan » (nr. 58) kan for eksempel brukast. Denne oppgåva kan gjerne gjerast som telefonsamtale, der elevane sit i kvart sitt rom og snakkar tysk med kvarandre på mobil.

Gloseprøven i oppgåve 7 kan løysast mellom to elevar, eller i større grupper.
Etter å ha jobba med ordspråka i grunnboka kan ein gjerne bruke oppgåve 9 som test. Kor mange av ordspråka hugsar elevane?
Nokre har sikkert lyst til å bruke meir tid på temaet fotball, og oppgåve 9–10 er saman med E-teksten eit godt utgangspunkt for dette.

Før ein går i gang med oppgåvene som tek for seg laust samansette verb (11–16), kan det vere lurt å ha ein gjennomgang av bøyinga av desse verba i presens og deretter i preteritum. Minigrammatikken gir ei kort og grei oversikt over temaet.

Det er mange oppgåver som trener bruken av modale hjelpeverb. I dei første oppgåvene skal elevane berre lære seg bøyinga av dei modale verba. I oppgåve 23 skriv dei nokre setningar om kva reglar dei har heime. Bondesjakken (s. 232) er ei god omsetjingsøving som fokuserer på bøyinga i dei ulike personane.

Dette kapitlet handlar om å vere ung. Kanskje diktet av Hermann Hesse i tilleggsoppgåve A kan vere ein god tekst i denne samanhengen? Start med å forklare ordet «Nebel» (= tåke). Kva kjenneteiknar tåke? La elevane lese og omsetje diktet. Kva handlar det om? Kva slags rolle speler tåka? Korleis forandrar livet seg frå ein er ung med mange venner og til ein nærmar seg alderdommen og kanskje einsemda og tåka blir meir og meir tett?

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern