Lektion 5 - Das Jahr

Lektion 5 - Das Jahr

No blir årstider, månader og dagar introduserte. Vi skal i dette kapitlet trene på uttrykk som skildrar vêr og aktivitetar knytte til forskjellige årstider. Vidare skal elevane lære uttrykk for kva ein liker, og dessutan fargar. Denne leksjonen har tekstar i ulike sjangrar: mange dikt, ordspråk, gåte, eventyr. Det grammatiske fokuset i leksjonen er repetisjon av verb i presens.
Elevane skal også lære å fortelje om kor dei har vore og kva dei har gjort i ferien. Dei møter land og nasjonalitetar på tysk.
Aktuell grammatikk i denne leksjonen er verb i presens og presens perfektum.

Førlesning
På dei pretekstuelle sidene er det bilete frå alle dei fire årstidene. No begynner elevane å kunne såpass at dei kanskje kan seie litt meir om kva dei ser. Begynn gjerne med små eksempelsetningar. Was machen die Menschen auf den Bildern? Der Junge springt. Die Menschen baden.

Sjå på eit verdskart. Finn ut om elevane kan det tyske navnet på ulike land. Snakk om eit land på tysk og nemn eventuelle byar som heiter noko anna på tysk enn på norsk/engelsk.
Til dømes:
Das ist Italien.
Die Hauptstadt heiβt Rom.
Eine sehr bekannte Stadt in Norditalien ist Venedig.
Groβbritannien ist ein schönes Land.
Algerien liegt in Nordafrika.

Kopioriginal:
I denne leksjonen er det fint å dele ut kopi av europakartet (nr. 3) og la elevane fylle inn land og byar på tysk.

Tekstene

A
A-teksten tek for seg namn på månadene og typiske ting for månaden eller årstida. «Welche ist deine Lieblingsjahreszeit» kan eventuelt brukast som ekstramateriale, men er fin som utgangspunkt for alle til å uttrykkje sine preferansar når det gjeld årstidene. La elevane notere ting dei liker å drive med gjennom året. La dei fortelje høgt for klassen:
Lehrer: Im Januar laufe ich Ski. Was machst du, Kari?
Kari: Im Januar trinke ich Tee. Per, was machst du im Februar?
Per: Ich fahre gern Snowboard.
Osv.

I arbeidsboka er det mange oppgåver som øver inn ordforråd og nokre repetisjonsoppgåver til presensbøying.

B
Denne teksten tek for seg påskefeiringa i Tyskland. Samanlikn gjerne tyske og norske tradisjonar. Kva gjer elevane i tyskgruppa i påskeferien? Dikta kan godt rappast eller framførast på annan måte. Ein elev kan for eksempel lese dikta høgt, mens andre dramatiserer handlinga.
Wie feiert ihr Ostern?
Gibt es bei euch etwas besonderes zu essen?
Wie viele fahren auf die Hütte?
Malt ihr Ostereier und versteckt sie?

C
C-teksten handlar om våren, og vi les om dei typiske vårkjenslene. Gå gjennom ordspråka og forklar vanskelege ord. Har vi noko liknande på norsk? Dersom klassen vil arbeide grundigare med desse tekstane, kan de lage rap eller song. Nokre lagar rytmar (klappar, bankar e.l.), mens andre snakkesyng tekstane. «Alle Vögel» er spelt inn på CD-en og følgjer same melodien som på norsk.

D
Dette flotte diktet på s. 64 finst på mange språk og tek for seg temaet rasisme. Kvifor blir ein svart person kalla «farga»? Kven er i røynda ein farga person? Gå igjennom fargane på tysk. Lag gjerne eit tysk fargekart med orda på, eller ein regnboge.
For å øve inn fargane vidare kan det vere morosamt med ein gjetteleik: Ein elev merkar seg fargane på kleda til ein annan. Han seier ein og ein farge, og så skal dei andre gjette kven som blir omtalt. Den som gjettar rett, skildrar neste elev.

Elevane møter mange dikt i denne leksjonen, og dei skal også skrive sitt eige vesle dikt. Oppgåve 6 i arbeidsboka, «Mein Elfchen», er ei enkel oppskrift på eit lite dikt, og elevane liker det ofte svært godt. La elevane skrive på farga papir, og pynt klasserommet med dikta. Denne aktiviteten eignar seg godt til alle årstider og tema.

Eksempel på «Mein Elfchen»:

Für die erste Zeile:
Eine Farbe → Gelb
(1 Wort)

Für die zweite Zeile:
Etwas, was diese
Farbe hat → die Sonne
(2 Wörter)

Für die dritte Zeile:
Ein Satz darüber,
wo es ist oder
was es macht → die Sonne scheint
(3 Wörter)

Für die vierte Zeile:
Etwas über sich selbst
schreiben, → ich liebe die Sonne
mit ICH beginnen
(4 Wörter)

Für die fünfte Zeile:
Ein abschlieβendes
Wort → Gelb
(1 Wort)

E
I E-teksten møter elevane nokre ungdommar som fortel kor dei har vore i ferien. Dei snakkar også om kva dei har gjort der. Lytt til tekstane i den digitale boka og la elevane jobbe aktivt med ordforrådet, slik at dei kan fortelje om eigne opplevingar. Ei god oppgåve kan vere vandregrupper i samband med Sag mal was! i klasserommet. Elevane kan intervjue kvarandre om kor dei har vore i ferien.

F
I F-teksten får elevane lese eit brev om ferieminne frå Noreg. I samband med dette brevet kan elevane lage ein presentasjon frå «sitt» ferie-Noreg. I oppgåva Sag mal was! lagar elevane ein reklame, presentasjon, foredrag eller intervju fra sitt eige land eller heimstad. Kva er positivt med Noreg for utanlandske ferierande?
I F er også den kjente songen «Bruder Jakob» («Fader Jakob») på tysk. Songen er innspelt i den digitale boka.

Oppgåvene
Det er eit stort mangfald av oppgåver til denne leksjonen. Det er opp til kvar lærar kor mykje klassen bør repetere, og kor mykje tid som bør brukast til dette. Oppgåvene fokuserer hovudsakleg på repetisjon av verb, presentasjon av seg sjølv, og introduksjon av presens perfektum. Dersom ein ønskjer det, kan det alltid vere aktuelt å gå tilbake og gjere oppgåver ein ikkje fekk gjort.
Vanskegrad: I denne leksjonen bør alle elevane kunne gjere alle oppgåvene.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern