Lektion 14 - Die Winterferien

Lektion 14 - Die Winterferien

No blir ord og uttrykk for vintersport-aktivitetar introduserte. Elevane lærer korleis dei bestiller rom på hotell og korleis dei kjøper heiskort.
Grammatikk som blir presentert i denne leksjonen, er dativpreposisjonar.

Førlesning
Snakk om kva vintersportaktivitetar elevane driv med, og kva slag utstyr dei treng for å halde på med si sportsgrein. Kvar utøver dei sporten og kva tid? Kva gjer dei om vinteren som dei ikkje gjer om sommaren?

Ordsol: Skriv «der Wintersport» på tavla og be elevane seie det som fell dei inn.

Tekstene

A
Her møter elevane Heiko som har vore på skiferie med klassen. Spel dialogen for kvarandre. Har elevane opplevd noko liknande? I oppgåve 1 i arbeidsboka kan elevane prøve å skrive om Heiko sine opplevingar i form av eit postkort. Denne oppgåva kan utvidast/varierast med å la elevane skrive om eigne opplevingar.

B
Her lærer elevane å bestille rom. Desse små tekstane eignar seg svært godt til rollespel. Her lærer elevane nyttige ord og uttrykk som dei vil få bruk for når dei reiser i tyskspråklege land. Spel tekstane for kvarandre. Nokre elevar likar godt å utvide dialogane og lage ein eigen vri.

C
Faktatekst om overnattings- og spisestader. Samtaletema kan vere: Kvar søv/et elevane helst? Kva likar dei å ete når dei er på ferie i utlandet? Kvar er det best å overnatte – telt, hotell, pensjonat …? Korleis er draumehotellet deira, eller -restauranten? La elevane promotere sin tenkte overnattingsstad eller spisestad, anten i små tekstar for ein reisebrosjyre eller munnleg.

D
Teksten handlar om ein som køyrer snow-board, og eignar seg godt til sjølvstudium med oppgåver og samtale i plenum (meir stoff om snowboard finst på Internett, f.eks: www.snowboarden.de/). Samtaleemne: Kva veit elevar om snowboard?

Oppgåvene
Mange av oppgåvene i denne leksjonen handlar om dativpreposisjonane, og elevane får godt høve til å trene på desse. Det kan vere ein god introduksjon å lese A-teksten i tekstboka og sjå ekstra godt på alle preposisjonsuttrykka i dativ form som kjem der. Her kjem det inn uttrykk som: bei der Piste, nach dem Frühstück, aus der Klasse, mit dem Bus, im Hotel etc.
Snakk om kjønnet til substantiva, og vis elevane kva dativpreposisjonane gjer med formene. Les om dativ i minigrammatikken og lag gjerne skjema med bunden og ubunden artikkel i ulike kasus med elevane. Jobb deretter med oppgåvene i arbeidsboka.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern