Lektion 15 - Märchen

Lektion 15 - Märchen

I denne leksjonen skal elevane jobbe med eventyrsjangeren. Dei les tyske eventyr og lærer om brørne Grimm. Leksjonen har eit kortfatta og forenkla utdrag av Hänsel und Gretel, og det er ein god idé å dele klassen inn i grupper for deretter å la dei lære stykket utanåt og framføre det. Ta gjerne opp på video og vis det til resten av klassen eller foreldra ved eit høve.

Førlesning
Ta utgangspunkt i bileta på side 190–191 i tekstboken og snakk om eventyrsjangeren. Kva for nokre eventyr liker elevane best? Kvifor? Kva kjenneteiknar eit eventyr? Kva for nokre kjende eventyrfigurar kjenner elevane att på biletet på side 190–191?

Forslag til spørsmål (hugs at ein del viktige gloser står under Wichtig! på side 195 i grunnboka):
Welche Volksmärchen kommen aus Deutschland? (Rotkäppchen, Schneewittchen, Hänsel und Gretel, Dornröschen, Die Bremer Stadtmusikanten, Der Rattenfänger aus Hameln, Kater Murr)
Wie heißt dein Lieblingsmärchen?
Wovon handelt dein Lieblingsmärchen?
Was muss ein gutes Märchen haben?
Was sind typische Merkmale für ein Märchen?
(Sjå oppskrift på eventyr på side 197 i grunnboka.)
Wie heißen die bekannten Märchensammler aus Norwegen? (Asbjørnsen og Moe)
Kennst du einige norwegische Volksmärchen?
(Sjuande far i huset, Oskeladden og dei gode hjelparane)
Wie heiβt der bekannte dänische Märchenschreiber?
Was hat HC Andersen geschrieben?
(Store Klaus og lille Klaus, Den tapre tinnsoldat, Prinsessen på erten, Snødronningen)

Tekstene

A
No skal elevane spele skodespel. Del klassen i grupper og la dei sjølve fordele rollene seg imellom. Replikkane kan lærast utanåt, og saman med dei rette kostyma blir dette ei perfekt framsyning. Ta opp på video og vis henne heilt på slutten av terminen. Det er lurt å bruke tre timar til å lære replikkar, pluss heimearbeid. Ein time til oppføring.

B
Her får elevane ei oppskrift på korleis dei kan forfatte sitt eige eventyr. Gjennomgå teksten og la elevane skrive åleine eller i par. Presenter eventyra høgt i klassen. Det er viktig å få med at eventyr skal skrivast i preteritum. Repeter kort bøyinga av verb i preteritum før elevane byrjar å skrive. Dersom ein synest det er for omfattande å la elevane skrive eit heilt eventyr på tysk, kan ein lage eit «klasseeventyr». Ein fordeler dei 11 punkta på heile klassen og skriv eit eventyr saman.

C
I C-teksten lærer elevane nokre faktasetningar om brørne Grimm. I gruppeoppgåva får dei sjansen til å fordjupe seg meir. Kanskje elevane kan lage liknande faktasetningar om Asbjørnsen og Moe? Sjå eksempel på kjende eventyr av Grimm og Asbjørnsen og Moe ovanfor. Eller la elevane lage ei eiga oversikt over kva for nokre eventyr dei kjenner av dei ulike eventyrforteljarane.

D
D-teksten eignar seg til differensiering. La nokre elevar øve seg på å framføre eventyret ved hjelp av stikkord, eller la dei lese det opp for klassen frå bok. Andre kan lage ein teikneserie til eventyret og hengje han opp i klasserommet. Kanskje ønskjer ei gruppe å skrive replikkar og dramatisere eventyret.
Ordspråka på side 204–205 kan av nokre elevar lærast utanåt. Andre kan få i oppgåve å blande dei og lage konkurranse for dei andre. Dersom nokon liker å teikne, kan dei illustrere nokre av dei.

Oppgåvene
Grammatikken som står sentralt i dette kapitlet, er repetisjon av preteritum. I tillegg innfører vi bruken av relativpronomenet på tysk. Elevane slit ofte med ordet «som» på tysk, og dette krev grundig forklaring før dei jobbar med oppgåve 12, 14–17.
Oppgåve 1 trenar leseforståinga til elevane. Dei kjenner nok alle eventyret om Raudhette, og no skal dei setje det i rett rekkjefølgje på tysk. I denne leksjonen blir preteritum repetert, og det er viktig å synleggjere forskjellen mellom presens og preteritum.
Bruk eventyra aktivt til å sjå på preteritumsformene. La elevane finne ut om verba er svake eller sterke. Oppgåve 4–7 og 9–11 fokuserer på verb. Det er nok lurt å la elevane spele spelet etter at dei har jobba ein god del med preteritum. Da er dei sikrare på bøyinga, og spelet blir meir spennande.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern