Lektion 24 - Lesen lesen lesen

Lektion 24 - Lesen lesen lesen

Dette kapitlet handlar om å lese. Vi møter nokre tyske ungdommar som fortel om kva dei liker å lese. Vidare les vi om biblioteket i Leipzig. Dei fleste av elevane har nok ikkje høyrt om Tysklands store diktar Goethe, som kanskje kan samanliknast med vår Ibsen, men i dette kapitlet lærer dei om dette universalgeniet. Leksjonen blir avslutta med ei novelle. I grammatikken blir det fokusert på repetisjon.

Førlesning
Lag ei gloseliste på tavla med ulike sjangrar: Roman, Kurzgeschichte, Zeitung, Magazin, Illustrierte, Zeitschrift, Comic osv.
La elevane lage assosiogram med ordet «lesen».

Was liest du gern? Warum?
Was ist ein gutes Buch?
Wie oft liest du die Zeitung?
Wie viele Bücher liest du im Monat / im Jahr?

La elevane få i lekse å kjøpe ei tysk avis (Bild, die Zeit, die Welt) eller eit vekeblad (Freundin, Brigitte) på Narvesen, eller å bruke Internett. Dei skal alle finne ein liten tysk artikkel som dei les og refererer for dei andre.

Tekstene

A
To tyske ungdommar fortel om kva dei les, og kvifor dei liker å lese. Teksten eignar seg godt som introduksjon til ein gruppediskusjon om litteratur og lesing. La elevane presentere yndlingsboka si eller yndlingsforfattaren sin.

Desse elementa kan disponere oppgåva:
Fünf Infosätze zum Autor
Wie heiβt das Buch?
Was ist das Thema des Buches?
Warum ist das Buch so gut?
Warum ist es dein Lieblingsbuch?
Warum kann man das Buch weiterempfehlen?

B
Teksten fortel om det kjende tyske biblioteket i Leipzig som samlar all tysk litteratur i verda. Vidare har B-teksten ein liten tekst om bokloppemarknaden i Hamburg.

La elevane gjere Sag mal was!-oppgåva og lage små samtalar mellom kjøpar og seljar. La elevane få ulike ting dei skal spørje etter på loppemarknaden, for eksempel ein roman av Thomas Mann, eit vekeblad frå 1980 eller ei bok som handlar om eit bestemt tema (musikk, dyr, bilar, sport).

La dei bruke setningar som desse:
Ich suche einen Roman von Thomas Mann.
Er heiβt «der Zauberberg». Haben Sie den?
Haben Sie Zeitschriften? Ich suche eine Zeitschrift aus dem Jahr 1980.
Haben Sie Bücher über Tiere?
Ich möchte ein Buch über Tennis.

C og D
Her møter vi Goethe i både ord og bilete. Finn ut kva elevane kan om Goethe. Gjennomgå faktateksten og les diktet «Heidenröslein» på side 297. Kanskje ønskjer nokon å lære det utanåt eller dramatisere diktet?
La elevane tolke diktet i smågrupper. På side 298–299 ser vi ulike bilete og illustrasjonar. Sag mal was!-oppgåva er ei fin munnleg oppgåve for elevar på alle språklege nivå.

Forslag til enkle spørsmål:
Welche Farben sieht man auf dem ersten Bild? (Gelb, rot, orange, blau, lila…)
Was denkt die Frau?
Beschreibe die Frau.
Wie alt ist die Frau?
Wie sieht das Goethehaus in Weimar aus?
Was machen die Leute auf dem Bild?
Worüber spricht das verliebte Paar?

E
Teksten handlar om Hannes som plutseleg forsvinn på ein klassetur. Prøv om elevane kan fortelje att teksten ved hjelp av 5–10 stikkord.
Nokre vidarekomne elevar kan lage eit lite foredrag om Franz Kafka og fortelje den vesle fabelen hans om musa og katten.

Oppgavene
Oppgåvene i arbeidsboka tek for seg ulike grammatikktema frå heile pensum. På slutten av året kan ein gjerne velje nokre tema ein ønskjer å jobbe ekstra med. Denne leksjonen oppfordrar til repetisjon av adjektivbøying, verbbøying i ulike tider og dessutan ordkunnskap og kasus. På internettsidene kan elevane jobbe meir med tema dei treng trening i.

Dei tre skriveoppgåvene (3, 9 og 11) kan gjerne fordelast mellom elevane. La dei skrive og lese opp tekstane sine i mindre grupper. Nokon vil kanskje lese opp for heile klassen?

Stigespelet finst òg som kopioriginal utan tekst (nr. 15). Ei morosam oppgåve er å la elevane lage sine eigne spel med fasit og spele saman tre og tre. Ein kan vere dommar med fasit, og to kan konkurrere.

Ettersom dette kapitlet handlar om bøker og lesing, er det kanskje interessant for elevane å lære meir om boktrykkjarkunstens far, Gutenberg. La elevane lese teksten i tilleggsoppgåve A saman to og to. Dei kan bruke ordbok og slå opp ord dei ikkje forstår. Deretter kan alle para lage tre eigne spørsmål til teksten som dei stiller høgt til klassen. Alle som vil, kan svare.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern